Politiske bilete

Eg er på mange måtar ein homo politicus. Eg likar diskusjonen, faget (det er jo mitt fag) og utfordringane. Eg ytrar meg gjerne om politikk – nå som pensjonist heilt utan påhalden penn – i skrift, men det hender at kjenslene flyt så stridt at penselen lyt til.

POL 1/19 – Det hev ei rosa sprunge

Dette biletet malte eg hausten 2019 som ein kommentar til debatten om asyl- og flyktningpolitikk. Rundt saka med Gunnar Stålsett som vart tiltalt og dømd for å gi jobb til ei «papirlaus» kvinne, var vi ei gruppe eldre medlemmer av Arbeiderpartiet som skreiv ein kronikk om dette på NRK Ytring. Dette maleriet vart brukt som illustrasjon.

https://www.nrk.no/ytring/sviket-mot-de-svakeste-1.14829149

Akryl på lerret, 80 x 80 cm.

Utsnitt 1 frå Donaldia-biletet under arbeid

Dei 5o stjernene er erstatta med you-know-who. Likskapen til skjermen på ein einarma banditt på eit av hans spelekasino er tilsikta.

Utsnitt 2 frå Donaldia-biletet under arbeid

Frå utstillinga i Øystese i 2019

.

POL 2/20Oligarkane

Gamle menn med makt fell gjerne i ein av to kategoriar: Dei som alderen har gitt visdom, innsikt, røynsle og eit mildare sinn. Og så er det dei som vert sta, einvise, sjølvopptekne, og som har det travelt i sine siste år med å karra til seg av jordisk gods, statuer av seg sjølve, og av å fabrikera eller kjøpa seg eit ettermæle.Etter at Nelson Mandela gjekk bort, er det vanskeleg å finna statsleiarar av første kategori. Av andre kategori står dei i kø verda rundt. I USA skal dei i haust velja mellom ein mann på 74 og ein utfordrar på 77. Sjølv demokratiske system gir rom for oligarkar.

Biletet er ein liten 10×20 cm tusjteikning. Skal du sjå alle oligarkane i treet, bør du nok forstørra biletet på skjermen din.

POL 1/20 The United States of Donaldia

Kombinasjonen av regnver og mange seine kveldar/netter med opprørande og vanvittige nye rapportar frå livet i og rundt Det kvite hus har fått meg til å prøva noko heilt nytt og ukjent: Politisk utilslørt meiningsytring med tusjpenn. Det vedlagte amerikanske flagget har mange symbol og perversitetar frå POTUS (President of the United States) – som hans syn på svarte og på kinesarar, maskebruk, atomvåpen, våpenlov, golf, KKK, etc etc. Legg merke til feltet der det brukar vera 50 stjerner for delstatane, som her er erstatta av skjermen på ei «slot machine» frå eit av DT’s mange casinos. Her får du gevinst om du får fire like Donald-bilete på rekkje.Tusj på akvarellpapir. 40×50 cm.

‘You Should Be in the Kitchen’: At Afghan Assembly, Women Are Told They Don’t Belong

Dette biletet stod på trykk i New York Times

POL 2/19 – ‘You Should Be in the Kitchen’: At Afghan Assembly, Women Are Told They Don’t Belong

Dette var overskrifta på ein artikkel i New York Times 3. mai 2019, etter ein av dei mange grunnlovssamlingane i Kabul. Det var ein av dei lokale krigs-og klansherrane som stod på talarstolen og nærast skreik dette ut til alle dei kvinnene som var samla i salen. Fotografen klarte å fanga denne augneblinken, og som de vil sjå av hans bilete, møtte han steinansikt.
•Dette er det mest spesielle biletet eg har malt, men det fell innanfor «Fargar som terapi»-konseptet –sjå berre kor fargerikt og individuelt dei fleste av desse kvinnene kler seg, dei som ikkje får lov å visa meir enn andletet –og knapt nok det.
•Eg har valt å mala dei utan andlet, først og fremst for å markera nettopp det med fargane. Men sjølvsagt tenkjer eg også politisk: Kor forferdeleg er det ikkje at ein mann med makt kan stå på talarstolen og skrika noko slikt til dei. Det er vel rundt 60 kvinner i biletet, kvar med sitt uttrykk –og eg ville aldri vera dyktig nok til å rettferdiggjera det gjennom mi maling.
•Akryl på lerret, 80×100 cm.

Biletet vart auksjonert bort under utstillinga i Øystese i 2019, og prisen, NOK 6.000, gjekk til NOAS sitt arbeid for asylsøkjarar.

%d bloggarar likar dette: