Gamle hus 2018-19

Gamle hus, farga og bleika av tidas tann, kanskje forfalne, har noko spesielt med seg. Tilsett ein dråpe fantasi, kan dei forteelja deg ein historie – eller i alle fall kan du få inspirasjon til å dikta deg din eigen.

Kor e» hammaren, Edvart….
HUS 1/18 – Kor e’ hammaren, Edvart? (Selt)

På nettet fann eg dette biletet av eit fråflytta nordlandshus. Slike tomme hus fascinerer meg. Malt med kredittkort utan dekning.
•Akryl på lerret, 33×41

Ei lita husmannsstove i Modum
HUS 1/19 – Gul stove i Modum (Selt)

•Når skiflygarane står på toppen av Vikersundbakken, ser dei langt der nede også innsjøen Bergsjø. Noko av det dei skimtar, er denne vesle gule stova. Egkjenner ikkjehistorien bak dette bittevesle, enkle huset. Men ørlite som det er, ligg det på ei vakker tomt, langt finareenn små husmannsstover brukte få, med utsikt som eitpanorama over vatn, bygder og skogar. Diverrehar det visst inga framtid.
•Akryl på papir, motiv 20×30 cm. Innrammamed passepartout, 40×50 cm.

HUS 2/19 – Raudt hus i forfall (Selt)

•Gamle hus til nedfalls er triste å sjå på, men veldig levande malemotiv. Malt etter eit foto eg fann på ei nettside om oppussing av gamle hus. Malemetoden: Heile biletet er malt med eit utgått SAS EUROBONUS GULLKORT! Huset vart faktisk pussa opp.
•Akryl på papir, motiv 20×30 cm. Innrammamed passepartout, 40×50 cm.

HUS 3/19 – Løa utan bru (Selt)

•EIN RAUD-OG RUSTFARGA GAMMAL LÅVE, nesten i vasskanten, overgrodd av krattskog og med ei bortrotna låvebru. Malt med kredittkort heilt utan kreditt, akryl, 20×30 cm på celluloseplate frå gamle Borregaard!
•Akryl på celluloseplate, motiv 20×30 cm. Innramma med passepartout, 40×50 cm.

HUS 2/18 – Eit gammalt nordlandshus (Privat eige)

Nok eit nordlandshus, fotografert av ein fotograf som nærast spesialiserer seg på slikt. Eg har teikna det med oljestiftar og tusj, malt det i veldig lite format, og malte til slutt dette akrylbiletet på lerret som er 33×41 cm.

Ein butikk i Halden. Mine kjelder fortel meg at butikken eksisterer og er open – i alle fall i fjor.
HUS 4/19 – Ein butikk i Halden (Selt)

•I HALDEN står denne butikken framleis. Ein kamerat har vore der og sjekka, og stadfesta at huset ikkje berre står, butikken er i drift! Eit flott motiv i alle fall. Og eg måtte jo gjera det ein tanke mindre dystert.
•Tusjteikning, motiv 20×30 cm. Innramma, med passepartout, 40×50 cm.

Ei gammal stove på Berge i Øystese
Ei lita, raud stove på Berge (selt)

•Om dette har vore ei lita stove, eller kanskje eit litt finare eldhus, veit eg ikkje, men fin er ho der ho ligg i liene over Øystesebygda.
•Akryl på papir, motiv 20×30 cm. Innrammamed passepartout, 40×50 cm.

Frå Astruptunet i Jølster – tusj
Astrup-tunet

TR 11/20 Haustnatt under fjell

Akryl på papir, 40×50 cm, innramma

%d bloggarar likar dette: