Fjordaserien 2019 -del 2

Fyksesund mot Botnen
FJ 9/20 – Grenda Botnen (SELT)

•Da eg la ut dette biletet på Facebook skreiv eg:

«HEIME ATT frå sjukehuset utan fleire diagnosar enn før, etter mange undersøkingar, litt fleire tablettar, litt friskare og med fornya tru ikkje berre på helsestellet vårt, men ikkje minst på det gode og livsviktige samspelet mellom legane på bygda og regionsjukehusa med akuttmottak. Heia Voss Sjukehus! Som takkekort til alle dykk som sende gode ønskje og varme ord til meg også denne gongen, kjem her eit bilete frå sist veke. Tok eit foto av grenda Botnen på båttur inn Fyksesundet. Og slik vart det. Og nå er det fram med penslane for å jaga bort alle infeksjonar og betennelsar.»
•Akryl på papir, motiv 30×40 cm, innramma, med passepartout. (40×50 cm)

Folgefonna sett frå Øystese
FJ 11/19 – Austerfjella og fonna sett frå Øystese (SELT)

«Ich möchte, dass die Farbe lächelt, bisweilen singt. Ängste haben wir schon genug.« (Eg vil at fargane skal le, til og med syngja. Av angst har vi nok)

Dette sa den tyske malaren, skodespelaren og etterkrigsbohemen Hans Laabs i det bombeknuste Berlin, der han sette fargar på ein grå, grå kvardag frå 1945. Det hadde vore gråver i Hardanger da eg malte dette. Men eg sette til fargar på Austerfjella og fonna likevel, eg. Dette er utsikta frå malarverkstaden min vest for Hardangervidda.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma, med passepartout. (50×70 cm)

Garden Skåre i Porsmyr
FJ 13/19 – Garden Skåre mot Fyksesundet (SELT)

«WE NEED ART IN ORDER NOT TO DIE FROM THE TRUTH».
Noko slikt skreiv Friedrich Nietzsche i ei av dagbøkene sine. Ikkje så pessimistisk som det kan høyrast ut: Vi treng (å oppleva) kunst for å få eit glimt av ei anna verd, som set andre fargar på ting i livet vårt, for å få rett perspektiv på realitetane. I alle fall er det mi tolking av den tyske filosofen -som etterkvart vart spinnande galen. Realiteten i biletet er garden Skåre mellom Soldal og Porsmyr i Øystese, med eit fantastisk utsyn over Fyksesundet/Botnafjorden. Fargane er til dels heilt utan basis i realitetar.
Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma, med passepartout. (50×70 cm)

FJ 15/19 – Flaumfoss i raudt (IKKJE SELT)

•I PERIODAR AV SOMMAREN VAR DET SÅ VARMT, TØRT OG FINT VER at knapt ein flaumfoss var å sjå. Men når ein–som sagt -er meir oppteken av kjensla av foss og tanken om foss enn av den eksakte, konkrete vass-spruten, så kan ein mala slikt i strålande og roleg ver.
•Akryl på lerret. 50×60 cm.

Fantasifjord inspirert av Per Kleiva
FJ 10/18 – Ein flaumfoss (SELT)

•VI HAR 4 STORE FJORDAMALARAR (eller grafikarar) i vår samtid: Per Kleiva (1933-2017), Kjell Nupen (1955-2014), Ørnulf Opdahl (f. 1944) og sjølvsagt Jarle Rosseland (f.1944). Eg har stor glede av å studera bileta deira, anten det er blåfargen til Nupen, det kontrastfylte svarte hjå Kleiva, det forunderlege lysskinnet hjå Opdahl, eller fargeeksplosjonane til Rosseland. Når alt dette har rotert rundt i hovudetmitt eit tak, så kan resultatet verta slik.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma, med passepartout. (50×70 cm)

Svaberg i Stekka i Tørvikbygd
FJ 12/19 – Eit svaberg i Stekka (SELT)

•FJORDEN HAR SÅ MANGE ANDLET og så mange lune. Ein dag låg skodda tjukk, og eg drog fram eit halvferdig bilete og gjorde ferdig. Svaberget er i Stekka i Tørvikbygd (ein av dei vakraste stadene eg veit langs fjorden) og blomane er strandnellik, i følje fotografen, min botanikk-kunnige ven Oddvar Soldal. Så har eg altså brukt sparkelspade og plastkort og ørlite pensel, og laga min versjon.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma, med passepartout. (50×70 cm)

.

Ørredalsfossen – nå freda
FJ 14/19 – Ørredalsfossen (SELT)

•«Others have seen what is and asked why. I have seen what could be and asked why not Pablo Picasso.


•Ørredalsfossen er ein liten, men fin foss som ligg litt bortgøymt i nedre del av Øystese-vassdraget, som nå er freda. Han ser sjølvsagt ikkje presis slik ut, men eg høyrde på Picasso.
•Akryl på papir, motiv 20×30 cm. Innramma med passepartout, 40×50 cm.

FJ 16/20 – Blå fjord (SELT)

Akryl på lerret, 90×90 cm.

%d bloggarar likar dette: